Meir om koret

Koret vart starta i 1929 som eit fellestiltak av bygdelaga i bygdelagssamskipnaden
i Oslo og er eit lag under Noregs Ungdomslag.

Koret legg vekt på å presentere tradisjonelle songar i både nye og kjente arrangement. Koret har sidan tidleg på 90-talet lagt sterkare vekt på norske folketonar. Det kjem fram både i val av repertoar og i stemmebruken og sangteknikken i framføringa. Vi har hatt gleda av å samarbeide med fleire musikarar og songarar i desse åra, noko som har medverka til å utvikle folketoneklangen i koret. Koret har bunad som kordrakt, og har medlemmer frå mange delar av landet. Dirigent for koret Anne-Line Sandegren.
>> Les meir om dirigenten

Her finn du litt om større konsertar dei siste åra. I tillegg har koret små og store oppdrag, som til dømes på konferansar. Kvart år held vi ein julekonsert.


Foto: Rolf Dybvik, Lindesnes fyr, 2009.

2010
Tur til Hardanger, opptreden på handverksmessa i Jondalen, på Kinckdagane og i Ingebrigt Vik museet.

2009
Julekonsert, Kampen kirke (program, pdf)
Jubileomskonsert, Bygdelagssamskipnaden (program, pdf)
Sang på åpninga av Bygdeutstillinga i Åseral.
Konsert på Sveindal museum
Konsert i fjellhallen, Lindesnes fyr.

2008
Tonelys - julekonsert i Kampen kyrje
Den fyrste song - Ei musikalsk vandring i
norsk folkesong- og salmetradisjon. Vårkonsert i Håndverkeren

2007
Årets julekonsert var i Paulus kyrkje.
Konsert under Musikkfest Oslo 2007
Opptreden i samband med åpninga av den internasjonale sommarskulen, Universitetets aula.
Konsert på Kistefos-museet
Konsert i Rørosmuseet - Smeltehytta

2006
Årets julekonsert var i Margaretakyrkan i Oslo.
Konsert på Fabrikken på Grünerløkka i Oslo.
Tur til Irland og deltaking på Ballyshannon folk festival
Sang på festgudsteneste i Slottskapellet, og på kyrkjekaffi, i samband med Noregs mållags 100-årsjubileum.

 Frå Ballyshannon folk festival, august 2006

 

2005
Tradisjon og impuls:
Konsert i Kongsberg kyrkje i samarbeid med felespelar Anne Svånaug Haugan, Svein Westad og Kongsberg Spel og dansarlag.

Same konsert vart og held i Kampen kyrkje i Oslo
Les omtale av konserten i Laagendalsposten:
Folkelig og religiøs høytid (17.4.2005)
Historisk kirkedans(31.3.2005)
Deltaking på Grieg Internasjonale Korfestival Bergen -
Festivalen si heimside

2004
Bergtatt
75-års jubileumskonsert i Kulturkirka Jakob i samarbeid med Paul Åge Johannesen.

Konsert ved opninga av sommaruniversitetet i unversitetets Aula.

 Frå Kongsberg kyrkje.
 Gjengitt med tillatelse frå fotografen Jan Storfossen, Laagendalsposten

2003
Soga om Torbjørn Trondson
Konsert ved amatørteaterfestivalen på Det norske teateret. Samarbeid med Paul Åge Johannesen, felespelar Kenneth de Gala og Oslo Songdanslag.
Konsert i Tuddal kyrkje og Bø kyrkje.
Tur til Cuba og Internasjonal korfestival i Santiago de Cuba. Samarbeid med felespelar Anne Svånaug Haugan og Oslo Songdanslag.

2002
Tur til Sunnhordaland: Konsert 17. mai kl.18.14 i Kvinnherad kyrkje, Rosendal. Konser 18. mai, Uggdal kyrkje saman med Åsne Sunniva Søreide. Konsert 19. mai i Moster Amfi, Bømlo.

2001
Julekonsert med INTI, musikarar frå Chile og Bolivia. Framføring av Misa Criolla og Navidad Nuestra, sistnemte omsett til nynorsk av Ragnar Hovland på bestilling.

2000
Konsert på Dei Nynorske Festspela ved opninga av Ivar Aasen-tunet. 

1999
70-års jubileumskonsert i Lindeman-salen på Musikkhøgskolen. Samarbeid med felespelar Torgeir Leivdal.
Deltaking under folkemusikkdagane på Ål. Framføring av Gjenta, komponert til Bygdelagskoret av Henning Sommero, tekst av Jakob Sande.

Bygdelagskoret www.bygdelagskoret.org
15.7.2010