Bygdelagskoret er eit blandakor, med for tida omlag 30 medlemmer. Koret vil gjerne halde eit høgt ambisjonsnivå som amatørkor, og har ein dyktig dirigent med solid musikkutdanning. Songane er i hovudsak norske folkesongar, med eit utval utanlandske folkesongar, dei fleste på nynorsk eller dialekt. Koret har i mange år lagt sterk vekt på norske folketonar, og arbeidd mykje med å vidareutvikla folketoneklangen i koret.
Koret har medlemmer i alle aldrar, vi har eit godt sosialt miljø og reiser mykje på tur i inn- og utland. Dei siste utanlandsturane har vore til Cuba og Irland, og no planlegg vi tur til Orkenøyane i 2012. 

Lydeksempel: Navne på mund
Frå Valdres. Tekst: Ivar Aasen . Arr.: Dvergmål (mp3)


Konsertar som kjem

  • Konsert og omvisning: Malstraum i Mariakyrkja 25. september. Bli med på sundagstur til Granavollen, med konsert og omvisning i kyrkjene og i Steinhuset.
    Les meir (pdf)
  • Julekonsert, Gamle Aker kirke 17. desember

 

 

 

 


 

Foto: Jorunn Løvlie.
Frå tur til Lindesnes, juli 2009