|
Koret vart starta i 1929 som eit fellestiltak av bygdelaga i bygdelagssamskipnaden i Oslo og er eit lag under Noregs Ungdomslag.
Koret legg vekt på å presentere tradisjonelle songar i både nye og kjente arrangement. Koret har sidan tidleg på 90-talet lagt sterkare vekt på norske folketonar. Det kjem fram både i val av repertoar og i stemmebruken og sangteknikken i framføringa. Vi har hatt gleda av å samarbeide med fleire musikarar og songarar i desse åra, noko som har medverka til å utvikle folketoneklangen i koret. Koret har bunad som kordrakt, og har medlemmer frå mange delar av landet. Dirigent for koret Anne-Line Sandegren.
Her finn du litt om kva vi har gjort dei siste par åra. I tillegg har koret små og store oppdrag, som til dømes på konferansar. Kvart år held vi ein julekonsert.
2011
- Maria og rosa. Julekonsert i Gamle Aker kirke (program, pdf)
- Malstraum i Mariakyrkja - folketonar og songar frå mellomalderen. Konsert saman med perkusjonisten Ulrik Ibsen Thorsrud i Mariakyrkja, ei av Søsterkyrkjene på Gran på Hadeland. Program (pdf)
- Åpning av den Internasjonale sommerskolen, Universitetets aula.
- Opptreden og konsert på Asker museum
- Song, sull og stev... Huskonsert i Bygdelagsamskipnaden
2010
- Tur til Hardanger, opptreden på handverksmessa i Jondalen, på Kinckdagane og i Ingebrigt Vik museet. Bilete frå turen.
- Opptreden på Asker museum og Norwegian evening på Frognerseteren.
- Julekonsert i Gamlebyen kirke: Maria og rosa (pdf)
2009
- Julekonsert, Kampen kirke (program, pdf)
- Jubileumskonsert, Bygdelagssamskipnaden (program, pdf)
- Tur til sørlandet: Sang på åpninga av Bygdeutstillinga i Åseral, Konsert på Sveindal museum og Konsert i fjellhallen, Lindesnes fyr (les meir om konserten).
1999-2010 (pdf, kopi frå den gamle heimesida)
Sist oppdatert 20.12.2011
|

Åpnnga av den Internasjonale sommerskolen Universitetets aula juni 2011. Foto: Heine Hillesvik Valvatna.
|