Velkomen til Blåne!

Blåne er eit blandakor som syng folketonar i kor. Vi har eit triveleg sosialt miljø og ein god øvingsplass midt i Oslo. Namnet Blåne speglar koret sitt repertoar, kultur og lynne. Vi søkjer blåtonane i folkemusikken. Blåne legg vekt på å presentere tradisjonelle songar i både nye og kjente arrangement. Koret har sidan tidleg på 90-talet lagt stor vekt på norske folketonar. Det kjem fram både i val av repertoar og i stemmebruken og sangteknikken i framføringa. Blåne er eit av dei få kora i landet som utforskar og formidlar folkemusikk på ein mest mogleg autentisk måte, både når det gjeld tonesetting og klang. Blåne held fleire eigne konsertar og tek og på seg små og store oppdrag.

Dirigent er Mari Eckhoff Tveito.

Blåne øver måndagar kl.18:45–21:15 i storsalen i Nordahl Bruns gt. 22 (i BLS-gården, bak Blitz).

Kom innom oss for å høyre på, eller ta kontakt i forkant. Vi tek inn nye songarar etter prøvesong for dirigenten.

Vårkonsert på Deichmanske bibliotek.

Vårkonsert på Deichmanske bibliotek.