|
Bygdelagskoret er eit blandakor, med for tida omlag 35 medlemmer. Koret vil gjerne halde eit høgt ambisjonsnivå som amatørkor, og har ein dyktig dirigent med solid musikkutdanning. Songane er i hovudsak norske folkesongar, med eit utval utanlandske folkesongar, dei fleste på nynorsk eller dialekt. Koret har i mange år lagt sterk vekt på norske folketonar, og arbeidd mykje med å vidareutvikla folketoneklangen i koret.
Koret har medlemmer i alle aldrar, vi har eit godt sosialt miljø og reiser mykje på tur i inn- og utland. Dei siste utanlandsturane har vore til Cuba og Irland.
Les meir om koret
|
|