Hausten 2026 har vi to dirigentar i Blåne. Vår faste dirigent, Isa, har delvis permisjon, og som vikar har vi fått inn nok ein ung, svensk folkemusikar.
Isa Holmgren har bakgrunn frå folkemusikken og dansen i vestre Värmland. Ho arbeider som musikar og dansar i fleire ulike folkemusikktradisjonar og prosjekter. Ho har ein master i folkemusikk frå Noregs Musikkhøgskule (2021) der ho fordjupa seg i trall og dansemusikk frå grenseområdet mellom Noreg og Sverige.
Du kan lese meir om Isa på heimasida: Isa Holmgren
Óskar Freyr Guðnason er ein songar og komponist frå Jämtland i Sverige, aktiv på dagens folkemusikkscene. Han bevegar seg fritt mellom tradisjonelle folketoner, lokking, kyrkjemusikk, elektronika og improvisasjon, og har på kort tid etablert seg som ei allsidig og unik stemme. Óskars musikk er prega av dei gamle folketonane sine snirklete melodier, og framhevar den transcendente kvaliteten ved langsame, repetitive parti – til tider avbrote av eksplosive, rå utbrot. Han har komponert musikk for kor og danseframsyningar, turnarar som soloartist og er den første mannlege mannlege songaren som har fått Zornmerket for lokkerop. Meir om Óska på oskargudnason.myportfolio.com/
