Isa Holmgren har bakgrunn frå folkemusikken og dansen i vestre Värmland. Ho arbeider som musikar og dansar i fleire ulike folkemusikktradisjonar og prosjekt. Ho har ein master frå Noregs Musikkhøgskule i 2022, der ho fordjupa seg i trall og dansemusikk frå grenseområdet mellom Noreg og Sverige. Isa er en del av fleire ensemble, som til dømes Staerna, The Aerialists og Oslo kammerkor. Isa har dirigert Blåne sidan hausten 2021. Meir om Isa på www.isaholmgren.com

Vikardirigent hausten 2026 Óskar Freyr Guðnason
Isa skal ha delvis permisjon denne hausten, og som vikar har vi fått ein spennande, ung folkemusikar. Óskar er songar og komponist frå Jämtland i Sverige, aktiv på dagens folkemusikkscene. Han bevegar seg fritt mellom tradisjonelle folketoner, lokking, kyrkjemusikk, elektronika og improvisasjon, og har på kort tid etablert seg som ei allsidig og unik stemme. Óskars musikk er prega av dei gamle folketonane sine snirklete melodier, og framhevar den transcendente kvaliteten ved langsame, repetitive parti – til tider avbrote av eksplosive, rå utbrot. Han har komponert musikk for kor og danseframsyningar, turnarar som soloartist og er den første mannlege mannlege songaren som har fått Zornmerket for lokkerop. Meir om Oskar på oskargudnason.myportfolio.com

Isa Holmgren, portrettfoto.